✨ Damenes Aften på Gloppen Hotell – 1. november! ✨
Gjer deg klar for årets store festaften "Damenes Aften". Kvelden startar med ein sprudlande aperitiff, smakfulle tapasrettar og goodiebags til alle deltakarar.
Gjennom programmet får vi selskap av ingen ringare enn Mariann Rosa Thomassen – kjend for sitt fargerike vesen, humor og energi. Ho leiar oss gjennom kvelden som konferansier, med høg rosafaktor frå start til slutt!
Når middagen er over, held festen fram i Kjelleren Pub, der Mariann sjølv tek plass bak miksebordet og sørger for eit dansegolv du ikkje vil gå glipp av.
Dette blir ein kveld fylt med latter, god mat, overraskingar – og ikkje minst topp stemning.
🎀 Velkomen til ein festaften skreddarsydd for damene! 🎀
Sett av datoen og bestill billett her på sida vår.
Ønsker du å reservere heile helga inkludert festaften, aktivitetar og overnatting klikk på "pakkar og tilbud" oppe på menylinja.