Smaken av Gloppen - Sørstranda
GUIDA MAT- OG DRIKKEREISE.
📅 Dato: 15. september
⏰ Tid: Kl. 16:30 – ca. 21:00
📍 Oppmøte: Gloppen Hotell
👧 Lokal guide: Birgith
Denne unike turen tek deg med til nokre av dei mange sjarmerande gardane og produsentane på sørstranda av Gloppefjorden. Vi besøker Storstad Angus på Rauset der vi får smaksprøver og eit innblikk i gardshistoria. Deretter går turen vidare til Høgt & Vilt på Devik der vi får oppleve eit eldorado av urter – her blir det smaksprøver på te til nydeleg utsikt. Til slutt besøker vi den bugnande hagen på Gjerdabruket med dei herlegast grønsaker, før turen vert avslutta med ein eksklusiv 2-rettars smaksmeny på historiske Gloppen Hotell.
🔸Storstad Angus på Rauset – Omvisning på låven, smaksprøver og gardshistorie.
🔸Høgt & Vilt – Vi besøker den bugnande urtehagen på Devik og får smake te.
🔸Gjerdabruket – Vi besøker den fine hagen til Torill med dei herlegaste grønsaker. På småbruket har dei dyrka jorda og vore sjølvforsynte med markens grøde i tre generasjonar, eit familie- og hobbybruk.
🔸Gloppen Hotell – Vi avsluttar turen med ein utsøkt middag basert på lokale råvarer.
🚐 Vi tek deg trygt med på reisa i ein maxitaxi (15 plassar), og det vert moglegheit for handel undervegs!
💰Pris: 1.845,- per person
🎟 Sikre deg di plass no!
Bestill billett ved å klikke på datoen i kalendaren under.
Gled deg til ei smaksrik og minnerik reise gjennom Gloppen!