Midt i Matfatet - 12.sept.
Denne kvelden på Gloppen Hotell er ei hyllest til alle dei dyktige lokale produsentane som kvar dag er med på å gjere matopplevingane våre ekstra gode. ❤️ Takka vere dei kan vi til ei kvar tid komponere rettar med det beste Gloppen har å by på. Nesten kvar dag får vi levert fantastiske råvarer rett på døra – ferske egg, grønsaker, urter, bær og gode drikker. Vi er rett og slett utruleg heldige som har så mange flinke produsentar rundt oss!
Under Midt i Matfatet serverer vi ein 5-rettars meny der dei lokale råvarene får stå i sentrum. Nokre av leverandørane våre vil også vere til stades og dele historia si – om råvarene, garden, produksjonen og kvifor dei brenn for det dei gjer.
🍸 Aperitiff frå kl. 18.00
🍽️ Bordsetjing kl. 18.30
🌿 5-rettars meny med lokale råvarer
Dette blir ein kveld for dei gode smakane, dei lokale historiene og menneska som skaper dei.
Reserver plass via billettlenkja, eller ta kontakt med oss direkte.
Vi gler oss til å ønskje velkomen til ein smakfull kveld midt i matfatet vårt! ❤️